Slik kunne romanen om meg ha byrja

Oct 03, 2015 23:27

Viss vi ser vekk frå Svalbard og Grønlandshavet og fokuserer på det norske fastlandet, så var det siste store jordskjelvet (over 5 på Richters skala) den 23. januar 1989 kl 15:06:29, ca. 28 km sør-sørvest for Måløy.

Kvart på tre denne måndags ettermiddagen oppdaga den 28 år gamle Siv Olaug Emdal at ho er tom for melk, og kjem fram til at ho a) må handle før ho kan lage middag, og b) ikkje orkar å ta med seg ungen. Litt fordi ho er svolta og vil at det skal gå fort, litt fordi ho fryktar eit nytt raseriutbrot. Ulempa er at han ho eigentleg bur saman med, i alle fall eit par år til, er i Oslo for å gjere seg ferdig med ingeniørutdanninga.

Veit du kva? seier ho entusiastisk til dottera, eg trur at du har blitt gammal nok til å vere åleine heime bittelittegrann for første gong! Det er jo ikkje så lenge til du blir fire år! Stor jente! Eg skal berre på Fina og handle litt, det går kjempefort, det går bra det, trur du ikkje?

Eg trudde det gjekk bra.
Previous post
Up