Høgre er ikkje eit spesielt vanskeleg ord å forstå, og likevel...

Apr 17, 2014 23:41


Eg sit i baksetet på ei drosje gjennom byen, vi køyrer forbi Middelalderparken og sjåføren seier at det bles. Han seier at han kan sjå det på vatnet. Eg tenker på pappa heime i kjøkenglaset med kikkerten, eg tenker på far hans, i det same kjøkenglaset med kikkerten. Han går kvite no, ville dei kanskje seie, og alle ville vite kva dei meinte med det. Men drosjesjåføren peikar og forklarar, gjer store bølgjerørsler med armen lenge etter at vi har køyrt forbi, delar omstendeleg sin entusiasme over fenomenet. Eg seier ingenting, smilar, nikkar. Til høyre, seier eg, til høyre.

via ljapp

Previous post Next post
Up