Eg har ikkje tenkt så mykje på menyen, for Morten seier at det ikkje blir som eg vil uansett. Så den blir heilt vanleg, ikkje noko å skrive om. Men no byrja eg å spekulere på korleis menyen hadde vore viss det berre var eg som kom, det er jo mykje kjekkare å skrive om. Det hadde altså blitt ein 5-retters:
Nysteikt rundstykke med laks og eggerøre, melk
Risengrynsgraut med rosa sukker på, raud saft
Varm pannekake med ben&jerry is, Camilla sin prinsessepunsj
Gelebjørn på ei seng av kokosbollar, ananasbrus med berre bittelitt kolsyre
Overdådig pynta cupcake med rosa sukkerspinn, kakao og vatn
Posted via
LiveJournal app for iPad.