Dagens sjølvinnsikt

Oct 25, 2011 16:40

Boka til Ida er berre nokre dagar unna, og eg er så stolt av henne! Det føles på mange måtar som om eg har slutta å skrive, kanskje byrja eg aldri på ordentleg. Eg var ung og lovande, men valde tryggleiken, den gode utdanninga, den faste inntekta. Og her eg sit med mastergrada og kjøpskontrakta på den nye leilegheita og ventar på at forloveden skal komme og køyre meg heim frå kontoret som er like stort som hybelen min i Eidsvegen var, så tenker eg at det i grunn er grådig behageleg. Dei vala eg har gjort har vore riktige for meg. Men eg har altså ikkje skrive på årevis.

Men no i sommar kom inspirasjonen over meg. Først berre som lause setningar, men eg vart riktig så nøgd med nokre av dei. Men no prøvar eg å få dei til å henge saman, og eg er slett ikkje sikker på om eg eigentleg likar denne skrivinga. Eg vil helst berre skrive perfekte setningar og vise fram til verda kor perfekte dei er og så skal alle seie at eg er flink og så kan vi gå vidare med å gjere det vi eigentleg hadde tenkt å gjere, tømme oppvaskmaskina, krangle om kor vidt melka luktar vaskepulver eller ikkje, rangere deltakarane i Alt for Norge etter underhaldningsverdi. Men det er ikkje heilt sånn det er. Det eg skriv blir ikkje perfekt på første forsøk, kanskje ikkje på andre eller tredje heller, kanskje aldri, og det plagar meg. Eg veit ikkje om eg har det i meg, det som trengs for å skrive om ein tekst om og om igjen. Og kanskje er det netopp derfor eg er så stolt av Ida no, ikkje fordi ho har skrive ein masse vakre tekstar, men fordi ho har hatt styrken og tålmodet til å jobbe med dei, jobbe med kristiske tilbakemeldingar på noko som eigentleg er bra, jobbe med seg sjølv.

Eg har fått ein slags ide til ei novellesamling denne hausten. Hittil har eg skrive 2 sider, så de kan sikkert vente litt med entusiasmen. Men det er ein tanke. Og først hadde eg tenkt at eg berre skulle skrive den for meg sjølv, fordi det er for nært, fordi eg lyg for lite i dagboka. Men allereie før den første novella er ferdig sjekkar eg innsendingsfristen til Signaler, for eg vil jo eigentleg ikkje jobbe med meg sjølv, eg vil berre vise fram kor innmari flink eg er. Og no kan det altså sjå ut som eg ikkje er SÅ flink. Så då skriv eg i staden her, ein stad der førsteutkasta alltid er gode nok. Og gler meg til boka til Ida kjem i posten.
Previous post Next post
Up