Den finaste boka eg har lese i haust

Oct 21, 2011 16:30

heiter The Perks of Being a Wallflower, er skrive av Stephen Chbosky og er ein "epistolary novel" i følgje Wikipedia, eit fancy ord for å seie at den består av brev. Skrive av ein som kallar seg Charlie gjennom skuleåret 1991-1992, som er hans første på high school.

Og eg er så glad for at Charlie skriv desse breva, og for at han sender dei til meg. For det er slik det føles, som om Charlie faktisk finnast og skriv til akkurat meg. Og han fortel meg alt. Han fortel om kor einsam han er etter at bestevennen tok livet av seg, han fortel om familien sin, om vennane han får, om festane han er på fordi han har fått beskjed om å prøve å delta i livet. Eg mistenker at han er flinkare til å skildre det enn å delta i det, men det gjer ingenting, for eg er glad i Charlie akkurat som han er. Og dette er ei lita og lett bok, ei slik bok ein les fort og ikkje forventar dei store, djupe innsiktene frå, men Charlie overraskar meg stadig med dei små observasjonane sine, som denne:

It’s like when you are excited about a girl and you see a couple holding hands, and you feel so happy for them. And other times you see the same couple, and they make you so mad. And all you want is to always feel happy for them because you know that if you do, then it means you’re happy, too.

Spotify-speleliste til boka

bøker

Previous post Next post
Up