Sminke

Mar 22, 2011 20:37

Først, la oss starte med opphavet. Då vi fekk utdelt foreldre, fekk eg mamma. Mamma har ikkje hol i øyrene. Mamma vurderar klede ut i frå kor varme dei er. Mamma brukar ikkje sminke.

Så ofte ho får jsansen snakkar ho om kor forkasteleg det er med desse amerikanske misse-prinsessene, småungane som blir dolla opp til dette:





Eg hadde ein hemmeleg drøm om å bli ein av dei.

Og her om dagen snakka eg med pappa på telefonen, og han reagerte skikkeleg på nokre bilete av ei venninne av meg på facebook, meinte at nokon burde fortelje henne at det ikkje var pent med påmalt ansikt. Så, dette er kvar eg kjem frå. Eg har (arva?) trua på at ingen TRENG sminke for å vere vakre. Men har samtidig innsett at eg tek meg betre ut med mascara.

La meg vise eit døme: Gamlehuset, 29. mars 2004 (den store Oppkjøringsdagen), frykteleg tidleg om morgonen. Mamma kjem inn på badet der eg står og tek på meg mascara.

Mamma: Har du begynt å bruke sminke fast?!
Ash: Neida, utnyttar bare den psykologiske effekten.

Slik er det. Eg teiknar ein grå strek på våtkanten og tek på meg mascara når eg skal på fest eller ha forelesning eller må prestere noko anna. Til jul tek eg kanskje påaugeskygge viss eg finn noko i boksen, men er usikker på korleis den skal leggast og kor mykje som er fint.

Og så kjøpte tanta mi Det Nye.

Og eg berre.. ...

Og så tenker eg at eg må sminke meg når eg skal gifte meg

og berre hjelp hjelp hjelp

eg føler at eg burde ha begynt å øve for lenge sidan, men det er kanskje framleis tid. Kva bør eg gjere? Kva bør eg kjøpe? Kven kan eg spørje om hjelp?

sminke, bryllaup

Previous post Next post
Up