Vidar (ja, eg har slutta å kalle han vikarluringen no) sende meg ei melding og sa at leseåret trengte meg. Deichmanske bibliotek har funne ut at dei skal invitere 365 lesarar til å skrive om ein tekst (ikkje nødvendigvis ei bok) som har betydd mykje for dei. Eg veit ikkje om det er eit dårleg teikn for prosjektet at vaktmeistaren på Deichman skriv allereie i mars, men eg tenkte i alle fall at eg skulle gjere ein innsats. Om du bur i Oslo og har lest noko nokon gong,
delta i prosjektet du og.
Dagens lesar er Anne-Stine Husevåg. Ho studerar bibliotek- og informasjonsvitskap ved Høgskolen i Oslo. No skriv ho masteroppgåve om nettpublisering i bibliotek og gler seg til å finne draumejobben.
Bibliotekar. 24 år. Bur i bydel Nordstrand.
Den ville ungen reiser av Barbro Lindgren og Eva Eriksson
Eg var eit forsiktig barn med høg moral. Eg gjorde aldri noko som eg trudde eg kanskje kunne få vondt av og eg passa på at foreldra mine følgde lover og reglar. Eg oppførte meg stort sett fint. Mitt mest traumatiske barndomsminne er frå ein laurdag. Vi hadde handla og det var 6 dagar og 20 timar sidan sist eg hadde fått laurdagsgodt. Eg trur at nokon og ein kvar kan bli litt sutrete i ein slik situasjon. Og då var det det kom, det verste trugsmålet eg nokon gong har blitt utsett for: Mamma sa at viss eg ikkje oppførte meg, så kom ho ikkje til å feste setebeltet mitt. Eg vart svært opprørd og sjokkert.
Eg hugsar ikkje boka like tydeleg som hendinga i bilen, det var ikkje dei konkrete orda som var det viktige. På Internett kan ein lese at den ville ungen er ein som badar i oppvaskvatnet og klipper av håret på både seg sjølv og kosten, men dette hugsar eg ikkje. Eg hugsar kjensla. Eg hugsar den overstrøymande kjensla av magi i det golvteppet vart til eit hav og den ville ungen la ut på jordomsegling. For meg var ikkje dette ”berre fantasi”, det var veldig sterkt og heilt ekte. I denne boka fann eg ei trygg form for spenning, den fekk meg til å skjønne kor mykje det går an å oppleve berre ved å opne ei bok og bruke førestellingsevna.
Når eg seier at denne boka endra livet mitt, så tenkjer du kanskje at eg, etter å ha lese om den ville ungen, av og til let vere å ta på meg setebeltet i det eg set meg inn i baksetet på ei drosje på veg heim frå byn ein laurdagskveld. Vel, nei, eg gjer ikkje det (har du sett korleis drosjene køyrer i Oslo?). Men eg har lært meg å bruke den enorme krafta som ligg i fantasien og å gripe dei mulegheitene som opnar seg når golvteppet er akkurat det du vil at det skal vere.