Bok nr 46

Dec 17, 2009 17:52

Flannery O'Connor er favorittforfattaren til rettleiaren min, så eg vart kjent med henne på denne måten:

Flannery
O'Connor

1925
1964
USA

Eg tenkte at det var på tide å bli kjent med henne på denne måten:



Personskildringane hennar er verkeleg gode. Ikkje fordi ein blir så godt kjent med personane, eller så glad i dei, men fordi ho observerar skremmande godt og ser det stygge i menneska. Og ho klarer å beskrive det på ein måte som får oss til å le og å skamme oss litt over at vi ler, denne dama er ikkje noko for snille, sarte sjeler, dette er dama for alle dei som likar filmar som sluttar skikkeleg dårleg. Eg er ein av dei. Og mange av desse novellene gjev eit varig inntrykk. Men samtidig kjedar dei meg litt. Eg venner meg til å lese sørstats-dialekt, eg venner meg til at hovudpersonane manglar sympatiske trekk, men på ein måte klarer eg ikkje å venne meg til mangelen på.. noko meir. Eg er nemleg også ein av dei som syntes at Ringenes Herre vart frykteleg kjedeleg når dei berre dreiv og rota rundt i skogen, det er ikkje nok for meg at skildringa er god. Så på side 297 av 5?? gav eg opp. Noko eg gjer utruleg sjeldan, men ettersom dette er ei novellesamling er det jo ikkje som om eg går glipp av slutten. Og eg trur det måtte gjerast for at eg skal kunne komme til bok nr 50 i år. Rett og slett. Tilbake i bokhylla. Med bokmerke.

Men om du vil bli betre kjent med Flannery på din måte, les litt i Wikipedia. Der kan du lese om eit "pigeon-toed child with a receding chin and a you-leave-me-alone-or-I'll-bite-you complex" som lærte ein kylling å gå baklengs då ho var seks, og som døde av lupus før ho vart 40. Alt etter det med kyllingen var visst eit antiklimaks. Men ho skriv godt, les ei av novellene hennar. Så kan du sjølv vurdere om du orkar å lese resten.

bøker

Previous post Next post
Up