Eg er neimen ikkje sikker på kva som kom over meg då eg fann ut at dette var ei bok eg ville lese. Eg trur det er det mest utilgjengelege eg har vore bort i. Den får meg til å tenkje på norsklæraren min som teikna strekar på tavla med mellomrom mellom, - - - -
Viss du skriv slik ----- så blir det kjedeleg, sa han, du må skape rom som lesaren kan fylle ut sjølv. Men viss du skriv slik, - - - - så klarer ikkje lesaren å fylle hola, han dett av.
Og denne boka er litt slik: -
-
-
Den byrjar slik:
På tysdagane liker eg å ete far min. Han smakar hjort. Han er laga av brøddeig. Eg veit at i røynda er han ei kvinne. Men det må ein ikkje seie til han, for da blir auga hans tomme.